VEDTEKTER FOR STORDAL BÅTEIGARLAG
HAVNEREGLEMENT
§ 1. Laget skal ha ein hamnekomitè på 3 medlemar som kvart år vert vald på årsmøte for laget. Hamnekomiteen skal ha ansvaret for at hamna er i forsvarlig stand til en kvar tid, og skal sjå til at reglane for hamneanlegget vert overhalde.
Hamnekomiteen vel sjølv sin formann. Hamnekomiteen fører oversikt over båteigarane som har plass i hamna, og melder eventuelle endringar til styret.
§ 2. Fortøyingsanordningar kan leggast ut berre etter hamnekomiteens tilvisning og godkjenning. Båtane skal ha minst 2 fenderar på kvar side og elles vere forsvarleg fortøydd. Ved uver må eigar av båten sjå til at ekstra fortøyingar blir lagt ut om nødvendig. Skader som båten påfører hamneanlegget, må eigaren koste og reparere etter hamnekomiteens tilvisning. Skader eller uregelmessigheiter på hamna plikter båteigar utan opphald å melde frå til hamnekomiteen.
Alle båtar skal vere ansvarsforsikra. Hamnekomiteen kan fråvike kravet dersom det kan virke urimelig i enkelte tilfelle.
§ 3. Fortøyingsplassen skal brukast av det medlem som har fått tildelt plassen. Dersom båteigar for kortare tid ikkje brukar sin plass, kan den leigast vekk av hamnekomiteen. Byting av plassar skal godkjennast av hamnekomiteen. Medlemmane har vidare plikt til å sjå til at uvedkomande farty verte halde vekk frå anlegga. Korttidsopphald i hamna skal avgjerast av hamnekomiteen. Dersom eit medlem ikkje har nytta sin plass siste året, og etter førespurnad heller ikkje har vore viljug til å stille plassen til hamnekomiteens disposisjon, kan styret løyse inn plassen.
§ 4. Båteigar skal vere aktsam ved manøvrering i hamneområdet. Bruk av båten, størrelse, utstyr og fortøyingsanordningar må ikkje vere slik at den er til sjenanse for andre, eller til skade for anlegget. Tvistar mellom båteigarane leggast skriftleg fram for hamnekomiteen, som tek avgjersle etter beste skjøn. I alvorlige tilfelle leggast saka fram for styret. Partane kan anke hamnekomiteens avgjersle inn til styret.
§ 5. Ved dødsfall, kan etter skriftlig søknad til styret, ein båtplass overdragast til ektefelle eller barn.
§ 6. I foreininga sitt hovudrekneskap opprettast eit reperasjons- og vedlikehaldsfond, som til ein kvar tid bør ha ein størrelse som årsmøtet fastset, etter forslag frå styret. Dette fondet skal dekke alle reperasjons- og vedlikehaldsutgifter som ikkje vert dekt av forsikringa jf. desse reglane i § 2, eller ved vederlagsfritt dugnadsarbeid.
§ 7. Hamneområdets gjestebrygger skal av medlemmane berre brukast til ombord- og i land stigning
§ 8. Opp- og utsetjing, transport og opplag av båtar i hamna skjer på eige ansvar. Hamnekomiteen eller båteigar laget tek ikkje på seg ansvar ved bruk av båtplassar eller utstyr i hamna.
Opplag av båtar på lagets område må berre skje etter avtale med hamnekomiteen.
§ 9. Brot på desse reglane, eller på påbod gitt av hamnekomiteen, kan medføre bortvisning frå hamna. Medlemen si eigenerklæring om å overhalde lagets vedtekter vert i så fall gjort gjeldande. Hamnekomiteen vil, etter fullmakt frå foreininga sitt styre, kunne foreta sal eller kondemnering av båtar etter at lovbestemte fristar er gått ut.
§ 10. Dersom hamneavgift ikkje er betalt i rett tid, jf § 5, vert båteigaren varsla i rekommandert brev, og vert gjeve 14 dagar til å ordne opp sitt forhold. Er ikkje forholdet ordna etter fristens utløp, vert båtplassen å sjå som oppsagt. Er båtplassen tilknytt delobligasjon, vert den også å regne som oppsagt, og kan løysast inn av foreininga.
Godkjent på årsmøte 19.03.2010
|