Nyhendearkiv
17.12.2006
Innbrudd i medlemsnaustet
Ein gong i løpet av sist veke har det vore innbrudd i medlemsnaustet til Småbåteigarlaget.
Innbruddet vart oppdaga laurdag morgon. Mykje verktøy og utstyr har vorte stole, blandt anna høgtrykksspylar, drillar og eit verktøyskrin. Saka er meldt til politiet.
Vi hadde vorte veldig glad for tips som kan oppklare denne saka. Slike tjuveri rammar ikkje berre alle medlemmane, men også arbeidet vii gjer for at bygda vår skal framstå som ein attraktiv plass å besøke.
23.09.2006
Dugnad
Stordal Båteigarlag hadde dugnad i hamna onsdag den 20. september, der servicehuset vart måla og flyteelementa skrapa. Laget melder om fortsatt stor aktivitet. Etter dugnaden vanka det kaffi, kaker og fiskehistorier.
På bilda: Roger Lamo og Peder Holtleite, Bjørn Græsmo og Dagfinn Busengdal.
Også med på dugnaden: John Hove, Jan Roger Hauge, John Hjelmseth og Johan Vinje
24.05.2006
Utgraving av hamna
Båteigarlaget er no i gang med planlegging av utgraving av den nordre delen av hamna.
Hellinga frå nausta og ned i sjøen er altfor liten på denne sida. Dette kjem i hovudsak av at den gongen dei grov ut hamna, vart arbeidet ikkje heilt ferdig utført. Den gongen vart utstyret utslete og arbeidet lagt på vent. No er det fare for at større båtar skal skrape botnen.
Kommunen har vore på synfaring i området, og det er sent ut brev der nausteigarane må samtykke i utgravinga. Vi håper at dette arbeidet vil kome i gong ganske snart.
21.03.2006
Årsmøte i Stordal Båteigarlag
På årsmøtet 17.03. vart Bjørn Johnny Græsmo attvald som formann.
Med seg i styret har han John Peder Hove, Kjell Tjønnøy, Peder Holtleite og Jorun Langhaug. Rekneskap/sekretær Johan Vinje. I hamnestyre Eldar Busengdal, Helge Busengdal og Johan Bernt Øvrebust.
Årsmeldinga viser at laget driv det svært aktivt. Sjølv etter at medlemsbrygga vart utvida sist sommar er nesten alle båtplassane utsolgt. Dugnadånda er det heller ikkje noko å seie på i ”dugnadsbygda”, for her har vore utført nærmare 200 dugnadstimar.
Det nye gjestehuset og gjestebrygga har også hatt godt besøk sist sommar, og ein kan her vise til nærmare 500 gjestedøgn i brygga.
Sist helg fekk også laget tildelt den høgt hengande optimistprisen ”Pedroprisen” på
10 000,- kronerog det syner at det blir drive godt og at det blir satt stor pris på innsatsen i laget.
19.03.2006
Båteigarlaget fekk Pedroprisen!
Under årsfesten 18. mars fekk Båteigarlaget utdelt Pedroprisen, ein optimist-pris. Vi fekk den med grunngjevinga: "...for ein kjempeflott dugnadsinnsats ved utvikling av Stordalshamna til å bli ei perle langs Storfjorden". Prisen var på 10 000 kr, og leiar Bjørn Johnny Græsmo mottok den frå Vigdis Hove Øie i Pedro Eiendom. 
15.03.2006
Årsmøte
Vi minner om årsmøte fredag den 17. Mars kl. 19.00 i servicehuset.
Vanlige årsmøtesaker, enkel servering. Medlemmane er hjertleg velkomne.
30.08.2005
Lengre medlemsbrygge
Medlemsbrygga er no forlenga, og dette vil gi omlag 7 nye båtplassar. Båteigarlaget vil takke alle som deltok i dugnaden fredag 26. august.
30.08.2005
Sommarsesongen 2005
Leiar for båteigarlaget, Bjørn Johnny Græsmo, kan melde om godt besøk på gjestebrygga i sommar. Dette til trass for dårleg ver store delar av sommaren. Vi håper på at haust blir fin og fører til framleis mykje besøk.
20.08.2005
Utleigde leiligheiter
Leiligheitene som i sommar har vore brukt til ferieleiligheiter, er no utleigd på fast basis.
18.06.2005
Stordal Gjestebrygge opna den 17. juni med fiskesuppe og bryggedans.
Omlag 40 inviterte gjestar, deriblandt Ordføraren og dugnadsfolk, fekk vere med på det offisielle programmet. Ordføraren fekk æra av å klippe snora; eller rettare sagt, kutte av tauet med ein gammal flekkekniv. Etterpå var det servert fiskesuppe.
Namnet til servicehuset vart bestemt ved ei demokratisk avstemming, og det blei Stordal Gjestebrygge. Småbåteigarlaget og det nye servicehuset hausta mange og gode lovord frå både båtfolket og presse.
Medlemmane i småbåteigarlaget og andre båtfolk kom til seinare på kvelden, og fekk også ein smak av fiskesuppa. Konrad Fremmerlid spelte opp til dans på trekkspel. Det vart etterkvart eit stort oppmøte av medlemmar og andre som ville ta ein titt.
Sjå også under bilder
|