Stordal Båteigarlag

LOVER FOR STORDAL BÅTEIGARLAG

§1.
Foreningens navn er Stordal Båteigarlag og initialane er SBL.
Stordal Båteigarlag er tilsluttet Kongelig Norsk Motorbåt-Forbund, som har initialane K.N.M.F.

Stordal Båteigarlag sitt formål er å samle båtinteresserte for å:
-Skape og vedlikehalde eit godt båtmiljø i sikre havner og opplagsplassar.
-utbetre kjennskapet til lokalfarvannet ved turar og fellesarrangementer.
-sikre friarealer , og betre mogleheitene for bruk av desse.
-bekjempe forureining av sjø og strender.
-utbetre kunnskap om sjøvett og båtmateriell
-arrangere konkurranser som testar deltakarane sin sjømannskap og materialet sine kvaliteter.
-sammarbeide med lokale myndigheiter for å løyse aktuelle oppgåver innan ramma av formålet.
SBL skal vidare følge utviklinga nøye og løyse oppgåver som antakast å vere til medlemmanes gavn.

§ 2.
Foreninga leias av et styre som består av 5 medlemmar: Leiar og 4 styremedlemmar. Sekretær og varaformann velgast innan styret og av styret. Det kan velgast komitear til å ta seg av bestemte arbeidsoppgåver. Styret er beslutningsdyktig når minst 3 medlemmar, herav leiar og nestleiar møter, og desse er enige.

§ 3.
Styret tar seg av alle løpende saker, ivaretar foreningas økonomi, kaller inn til møter og legger fram for årsmøtet , årsmelding og revidert rekneskap. Styret behandler elles saker som foreslås av medlemmar og som ønskast lagt fram for årsmøtet. Slike forslag må vere levert inn til styret seinast 14 dagar før årsmøtet. Styremøte haldast så ofte leiaren eller 2 andre styremedlemmar finn det påkreva.. Valgte komitear kan innkallast til styremøta, men utan stemmerett. I tilfelle stemmelikheit, gjer fungerande leiars stemme utslaget.

§ 4.
Årsmøtet blir haldt kvart år innan utgangen av mars, og innkallast skriftlig med minst 14. dagars varsel. I innkallinga skal det gjerast kjent kva saker som skal behandlast. Når innkallinga er skjedd på korrekt måte, er årsmøtet vedtaksfør uansett antal frammøtte.
Alle medlemmar har møterett og talerett på årsmøtet. Berre partshaverar har stemmerett.
Årsmøtet behandlar:
1. Valg av møteleiar
2. Godkjenning av fullmakter.
3. Årsmelding.
4. Revidert rekneskap for forgående kalenderår. Rekneskapen skal vere utsent saman med innkallinga til møtet.
5. Forslag som er innlevert og behandla av styret på forskriftsmessig måte.
6. Busjettframlegg for inneverande år.
7. Valg på:
a. Leiar, ved særskilt valg for eit år om gongen
a. 4 styremedlemar velgast for 2 år om gongen.
b. 2 varamedlemmar til styret velgast for 2 år om gongen.
c. Havnekomite på 3 medlemmar velgast for 2 år om gongen.
d. 2 revisorar velgast for eit år om gongen.
e. Valkomite på 3 medlemmar.
8. Fastsette størrelsen på kontingent, innskudd, havneavgift, og eventuelt andre avgifter


9. Eit år etter det konstituerande møte går 2 av styremedlemmane ut etter loddtrekning. Seinare etter tur 3 medlemar og 2 medlemar. Tilsvarende uttrekning skjer i dei andre valgte organer. Tillitsvalgte kan gjenvelgast.
Vedtak på årsmøtet blir vedteke med simpelt fleirtal. Ved tilfelle stemmelikheit utgjer formannens stemme fleirtal. Vedtak som gjeld lovendring må ha 2/3 fleirtal.
Alle medlemmar er pliktige til å ta på seg tillitsverv., men har rett til å seie frå seg gjenvalg like lang tid som dei har fungert i eit verv.

§ 5.
Medlemmane er forplikta til å betale den til ei kvar tid fastsatte årskontigent og havneavgift innan
1. mai. Dersom eit medlem ikkje har gjort opp sine økonomiske forpliktelser for siste året kan styret etter 31. desember etter forutgåande varsel , stryke vedkomande som medlem. Søknad om fornya medlemmskap kan berre godtas dersom alle restansar er betalt.

§ 6.
Medlemmar som har gjort ein ekstraordinær innsats for laget kan etter einstemmig innstilling frå styret velgast av årsmøtet til æresmedlem. Æresmedlemmar er fritatt for årskontigentar.

§ 7.
Den til ein kvar tid fungerande formann i båteigarlaget kan etter styrevedtak underskrive kontrakter på vegne av laget.

§ 8.
Styret kan, om dei finn det nøvendig, eller og 25% av medlemane krev det, beramme ekstraordinært årsmøte. Det innkalles med minst 8 dagers varsel., og behandler kunn dei saker som er nemnt i innkallinga.

§ 9.
Som medlemmar kan opptas alle personar som vil rette seg etter lagets lover. Skriftlig søknad om medlemmskap skal avgjerast av styret. Utmelding av laget skjer skriftleg til styret.
Tildeling og overdraging (salg) event. framleige av plassar skal avgjerast til styret. Kvar medlem kan berre tildelast ein båtplass, og medlemmets sin ansiennitet skal vere avgjerande.
Medlemmar som ikkje er partshavare , betraktast som støttemedlemmar og opparbeider seg ansiennitet for tildeling av båtplass.

§ 10.
Medlemmar som vekker anstøt eller forargelse på laget sitt område, gjer skade for laget eller ikkje retter seg etter lagets lover eller hamnereglement, kan styret suspendere, og i grovare tilfelle ekskludere. Denne avgjersla kan av vedkommande ankast inn for første årsmøte, som ved vanlig stemmefleirtall tek den endelige avgjersle. Eit medlem som ekskluderast , mister samtidig retten til båtplass i lagets havn.

§ 11.
Beslutning om oppløysing av laget kan fattast med ¾ fleirtall på ordinær generalforsamling der minst 25% av lagets medlemmar er tilstades. Ved avstemning om dette kan medlemmar som er lovlig forhindra fra å møte , avgi skriftlig forhandsstemme til styret. Etter at vedtak om oppløysing er fatta, behandler styret forslag til likvidasjon, hvilket forslag avgjerast ved simpelt fleirtall.




Kontakt:
Båteigarlaget

Knut Steinar Dyrkorn

  Mob. 97142351
John Peder Hove
Tlf: 70278167 Mob. 99737079
Johan Vinje
Tlf: 70278185 Mob: 90641368

Sist endra 30.03.08     Webmaster
.