Informasjon til gjester.
I Stordal Småbåthamn er det flytebrygger med plass til ca. 20 gjestebåtar.
Straum, vatn og tilgang til servicehuset er inkludert.
Om det er ønske om vinter- eller langtidsplass, kontakt Båteigarlaget.
Diesel kan kjøpast hos Stordal Auto, et stykke nord for båthamna.
Stordal havn er eit godt utgangspunkt for fiske i sjø, elv, og vatn. Fiskekort kan kjøpast på Stordal Camping.
Stordal har flotte fjell for dei som vil gå fjelltur.
Mange fjellgardar langs Storfjorden, kan kun nås med båt. Ytste Skotet ligg på ei fjellhylle over fjorden, og er ope for gjestar sommarstid.
Langsmed Storelva er det ei idyllisk turløype som strekker seg heilt til Storheim.
Vinterstid er det flotte forhald til alpint og langrenn på Overøye og Langsetrane.
Kulturelt har også Stordal mykje å by på.
Rosekyrkja frå 1789 og Løsetstova utgjer Stordal Bygdetun, der Stordal Kulturbeite har mange utstillingar og konsertar i løpet av sommaren.
Stordalscup er fotballturnering, messe, tivoli og utedans, og arrangerast i juli kvart år.
Mat og drikke kan kjøpast på Nilsgardstunet Kafè og Pub, Stordal Camping eller Kokarsteinen Kiosk og Gatekjøkken. Bortsett frå Kokarsteinen (ca. 6 km), ligg alt i sentrum.
I Stordal finn du dessutan to daglegvarebutikkar, gåvebutikk, sykkelbutikk, post, bank og ei rekke helse- og velværetilbod. Alt er i gåavstand frå hamna. På Dyrkorn, ca. 5 km frå sentrum, har Devold utsalg.
Velkomen til
Stordal Småbåthamn.